Bu på garden
Me leiger ut den trivelege brukseigarhytta på garden. Hytta ligg ved sidan av Den Gamle Gaard med flott utsikt og god uteplass. Det er også mogleg å leige både hytta og Den Gamle Gaard. Då er ein garantert eit stemningsfullt opphald med masse historie og sjel i veggane - enten det er storfamilien, vennegjengen eller firmaet som vil på tur.
OVERNATTING I BRUKSEIGARHYTTA
Ei triveleg hytte i tradisjonell stil, perfekt for familieturar, vennegjengar og firmagrupper. Hytta har:
4 soverom med opptil 20 sengeplassar (nokre med familiekøye)
To bad + badstove
Vaskerom med vaskemaskin og tørketrommel
Bod med plass til skiutstyr og ved
Vedomn og klassisk hyttestemning
OVERNATTING PÅ DEN GAMLE GAARD
For dei som ønskjer meir plass, kan ein òg leige rom på Den Gamle Gaard i tillegg til hytta. Her får du:
Godt utstyrt kjøkken
Stemningsfull peisestove og spisestove
Årestove og to toalett
2 soverom, bad og stove på loftet
Med både hytta og Den Gamle Gaard er det plass til totalt 25 personar.
OPPHALD MED SERVERING
For grupper tilbyr me utleige av Brukseigarhytta og måltid i Den Gamle Gaard. Perfekt for storfamilien, vennegjengen eller firmaet som ønskjer eit spesielt og stemningsfullt opphald.
Send oss ein e-post med forespørsel, så finn me eit opplegg som passar!
VELKOMEN TIL GARDS!


