Fjellgarden Hovden – Tradisjon, Gjestfridom og Lokale Smakar
Fjellgarden Hovden, øvst i Setesdal, har lange tradisjonar innan fjellandbruk og gardsturisme. I tillegg til tradisjonell gardsdrift tilbyr vi overnatting, servering, arrangement og afterski.
Vi brenn for lokalmat, god dyrevelferd og førsteklasses råvarer.
Gamle Gaard – Restaurant, Afterski og Selskap
Den Gamle Gaard er eit tradisjonelt lafta Setesdalstun med rik historie i veggane. Garden vart bygd på Uppstad på 1700-talet og flytta til Hovden på 1960-talet. Her finn du ei stemningsfull årestove der me inviterer til afterski rundt grua kvar helg – ein lun og god atmosfære, sjølv når det stormar ute.
I nystova kan me dekke langbord for gjester som ønskjer å nyte godt selskap i historiske omgjevnader. Restauranten passar like godt for storfamilien og vennegjengen som for bedrifter som vil ha ei unik oppleving.
Vinteren 2025 på Gamle Gaard Høyfjellskro
Overnatting på Fjellgarden
Like ved Gamle Gaard ligg hytta vår, med fire soverom, stove, kjøken, to bad, badstove og vaskerom. Hytta kan leigast for seg sjølv eller saman med rom på Gamle Gaard, og me tilbyr gjerne bespisning for eit komplett opphald.
Private Selskap og Arrangement
Gamle Gaard kan leigast til private selskap, firmafestar, styremøte og andre arrangement. Me skreddarsyr opplegget etter behov – ta kontakt for meir informasjon.
Forespørslar og booking:
hovdenfjellgarden@gmail.com
Arrangement og opningstider:
Følg oss på Facebook for oppdatert informasjon:
facebook.com/gamlegaard