PØLSEKURS 25.2.2017

Laurdag 25. februar kl. 15:00 inviterer pølsemakermeister Rolf Arne til pølsekurs i slakteriet på garden. For 990 kr får du velkomst/ smaksprøve, utstyr og gjennomgang av kurset, pølselaging og 1-2 kg ferdige pølser som du kan ta med heim. Me kokar/ røyker og pakkar pølsene ferdig så dei kan hentast dagen etter kurset.

Kurset tar ca 2 - 2,5 timar. Påmelding med sms til Merethe på tel 901 90 771.

Gull til pinnekjøtet vårt

Det røykte pinnekjøtet vårt fekk gull under Noregsmeisterskapen i kjøtprodukt i 2015. I tillegg fekk sylta vår bronsemedalje. Me synes sjølvsagt det er stas at produkta våre blir lagt merke til :)

Gull i Visuelt 2015

I "Visuelt 2015" har Fjellgarden Hovden vinne gull for pakningsdesign. Det er Strømme Throndsen som har utforma det nye pakningsdesignet vårt. Her kan du lese meir om juryen si begrunning. Takk!

Kurs

For grupper arrangerer me ulike kurs i slakteriet, til dømes pølsekurs. Dette passar fint som teambuilding eller kickoff, gjerne kombinert med middag på Den Gamle Gaard om kvelden. Ta kontakt!

SERVERING PÅ DEN GAMLE GAARD

I feriar er det gjerne open kafé og servering på Den Gamle Gaard. Utanom dette kan grupper bestille servering i det stemningsfulle huset. Meir om dette finn du her.

Breivevegen 40, 4755 Hovden, Aust-agder, Norway, post@fjellgardenhovden.no, Tlf: 901 90 771

 Makeweb/4.1